|
LITT HISTORIE |
Den eldre garde Tilbake
På Johan Forsbergs initiativ vart det den 5. november
1939 halde eit møte på Sinnes med formål å skipa eit skilag i
Sirdal. Det møtte 30 ski-interesserte. Etter ein orientering av
Forsberg, blei det bestemt å stifta Sirdal Skilag. Alle dei
frammøtte teikna seg som medlemmer, og det vart valgt eit styre
beståande av: Rasmann Haugen, Hans Tjørhom, Sven Haugen, Peder
Ousdal og Nils Tjørhom. På styremøte vart Hans Tjørhom valgt
til formann. Skilaget starta sin virksomhet med å kalla inn til
eit opent møte på Omlid 9. desember 1939.
Om dette møte skreiv "Stavangeren": "Veldig
skiinteresse i Sirdalen. Overfylte hus til skiforedrag på Omlid.
Det nystiftede Sirdal Skilag hadde sitt første møte på Omlid
lørdag 9. desember, og det fikk tilsluttning som vel ingen hadde
drømt om. Helt fra Ådneram, Kvinen, og Tonstad kom det folk og
Ungdomhuset på Omlid hvor møte holdtes, var stappfullt av
tilhørere og enda var et mange som ikke slapp inn. Ordføreren i
Øvre Sirdal, gårdbruker Torkel Nesset, var tilstede. Den store
forsamling hørte med stor interesse på tannlege Forsberg om
skisport, og etterpå ble Skiforbundets nye instruksjonsfilm i
hopp og langrenn forevist. Det er allerede full vinter i
Sirdalen. Ved Gravatn er det ¾ meter snø og ved Kvinen er
snødybden en meter. Snøen ligger siden midten av november og
føre er fin-fint."
Det vidare arbeidet i Sirdal Skilag vart stoppa av krigen som kom
i 1940, men vart starta opp att straks denne var over.
Medlemstalet i 1941 var 57 stk.