Ole Olson Ytre Moen/Sinnes I - f. 1793, d. 15.12.1843
Ole Olson var født på plassen "Ytre Moen"
under Hetleskog i Forsand kommune, kor faren var husmann. Han var son til
Ola Rasmusson Stora Nerabø og Adlau Andersdotter
Sønnmork. Gift den 01.10.1815 med Siri Eilevsdotter Ousdal, (døypt
23.11.1794, død 05.04.1880 )på bnr. 12, "Eilevs-bruket i
Ousdal.
Faren flytta ein del rundt, men budde på Hetleskogmoen så seint
som i 1801.
Ole Olson var en fyrste plassmannen på
"Kvednhusbakken", han var halvbror til Rasman
Olson som var den fyrste plassmann i "Leidli", og han var dessutan halvbror
til Borghild Olsdotter som var gift med Sigbjørn Olson Sinnes på
bnr. 9, "Der Heime".
Oles eine son, Eilev drukna i Saubrohølen like ved Kvednhusbakken.
Ole sjølv kom av dage på ein trist måte. Det heiter i
kyrkjeboka under 15. desember 1843 at "huusmand Ole Olson frøs ihjæl
paa fjeldet".
Det er tradisjon om dette den dag i dag. Det var fleire karar som hadde vore
i lag på handelsferd. Dei kom denne dagen frå Lyse og var på
veg mot Sinnes. Alle hadde tunge børar. Ved austre enden av Heimre
Dygrådalen orka ikkje Ole Olson å gå lenger. Kameratane
hjelpte han eit stykkje, men måtte til slutt gå i frå han.
Dette var ein mils veg frå Sinnes.
Dei andre gikk til bygds etter hjelp, men då hjelpa kom fram var han
omtrent ihjelfrossen, og han døyde kort tid etter. På staden
der han døyde blei det reist ein kross, og denne staden heitar "Mæ
krossen" den dag i dag.
Etter Ole Olsons tid var det hans eldste son Ole Olson II som i fyrste omgang
overtok plassen, men seinare blei det til at bror hans Jakob Olson tok over.
Bind I, s. 257. |