Ådne Torjusson Tjørhom I - døypt 07.12.1806, død 28.02.1882

Ådne Torjusson Tjørhom I var son av Torjus Ådneson Tjørhom I og Siri Jørgensdotter Sinnes frå bnr. 1, "Bakken" på Sinnes. Gift den 26.06.1833 med Todne Olsdotter Eigeland, (døypt 14.05.1809, død 18.02.1879) frå bnr. 4, "Der heima" på Eigeland. Ådne og Todne busette seg på bnr. 1, "Der oppe" på ytre Tjørhom.

Ådne Torjusson var ein opplyst mann. Blant anna heldt han ei avis saman med Torjus Erikson Kvæven I. Denne kom etter tradisjonen til Tonstad ein gong kvar veke. Derfrå vart den sendt til Tjørhom når nokon skulle same vegen. Etter at Ådne hadde lese den vart den så sendt vidare til Kvæven. Om nyheitene ikkje blei så ferske var dette ikkje så farleg på den tida.
Ådne var høgremann. Då Bjørnstjerne Bjørnson etter kvart blei meir og meir radikal og snakka om oppheving av unionen med Sverige skal Ådne ha uttalt: "Dei skulle hogga hove av denne sjødnebjødnen".
Ådnes son Ole, tok namnet Øvergaard etter brukets namn. Han budde nokre år på bnr. 12, "Austvold", men flytta seinare til Fladen i Nes.
Den yngste sonen av Ådne vart kalla "Krusle Ingebret". Han kunne lite bruka føtene. Ein gong mens han var liten drog foreldra med han til Stavanger for å søkja lege. Ådne leide hesten mens Todne sat på tverr-sal med guten på fanget. Jørgen Svenson Tjørhom fortalde om dette slik:
"Komen til Lysebrekkå sa Ådne: "Ja Todne kå ska me nå gjera. Vil du bera bådne ne brekkå elle ska eg ta det". Så sa kona: "Våga du hesten, så våga eg meg, så våga me bådnet i hop og så sede eg".
Og slik gjorde dei. Ei slik ferd, at nokon hadde sete på hesteryggen ned Lysebrekkå og attpåtil med eit barn på fanget, hadde vist aldri hendt verken før eller seinare.

Bind I, side 296.