Torjus Ådneson Fidjeland/Tjørhom I - døypt 23.04.1780, død 11.11.1855

Torjus Ådneson Tjørhom I var son av Ådne Olson Fidjeland frå bnr. 5, "Der borte" på Fidjeland og Berte Jørgensdotter Tjørhom, (20 år i 1759, død 04.05.1782) frå bnr. 1, "Der oppe" på Ytre Tjørhom. Gift den 24.06.1804 med Siri Jørgensdotter Sinnes, (døypt 09.01.1780, død 18.07.1847) frå bnr. 1, "Bakken" på Sinnes. Torjus og Siri busette seg på bnr. 1, "Der oppe" på ytre Tjørhom.

Torjus Ådneson kjøpte halvparten av ytre Tjørhom ved skjøte av 1. mars 1804. Den andre halvparten fekk han kjøpt den 09.06.1812 av Tollak Jørgenson Tjørhom. I følgje ein tradisjon skulle Torjus ha betalt med ei kyr, og etter ein annan tradisjon skulle garden bare ha kosta han 10 daler. Men skjøte frå 1812 viser at kjøpesummen var på 2000 riksdaler. Det var dyrtid den gongen, så pengane var ikkje mykje verdt.

Torjus var ein av dei 2 som vart valt til å møta på Bakka for å velja utsendingar til Eidsvoll i 1814. Han var ein driftig mann og vart etter kvart svært velståande. Han handla mykje med hestar og kyr, og han hadde stadig kyr på beite for andre i Tjørhoms "Nordhei".

I 1836 delte han garden mellom sønene Ådne og Jørgen. Ved skjøte av 1. mars same år fekk desse kvar sin halvdel på 9 mark. Kjøpesummen var 200 speciedaler for kvart bruk. Etter ei tid vart det 2 bruk på ytre Tjørhom. Det gamle hovedbølet vart frå då av kalla "Der oppe" mens det nye bruket fekk namnet "Der nere".

Bind I, s. 296