Gnr. 11 bnr. 1, Handeland

Dette er det eine av dei opprinnelige 3 hovedbruka på Handeland. Det oppstod omkring 1660-åra. Bruket hadde opprinnelig lnr. 8 og ei skyld på 12 mark.
Dersom ein heilt ut kunne stola på matrikkelen av 1838, ville ein få det inntrykk at dette bruket var intakt så seint som dette året. Der er likevel ikkje tilfelle. Garden vart delt ein gong mellom 1827 og 1829, og dei 2 nye bruka vart då begge på 6 mark kvar. Det nye bruket fekk då lnr. 8b og seinare bnr. 2, mens det gamle hovedbølet fekk lnr. 8a og seinare
bnr. 1.
I 1889 blei skylda forandra til 73 øre på begge desse bruka. Frå 1882 og fram til 1917 hadde de 2 bruka samme eigar og vart drevet sammen, men etter 1917 har bnr. 1 og bnr. 2 på nytt vore sjølvstendige gardsbruk.

Den fyrste oppsitjar som ein kjenner til på dette bruker er Salve Sigmundson Handeland, 21 år i 1664, hans kone er ukjent.

Brukar i 1999 er Martin Bertin Georgson Handeland.

Bind I, s. 340