"Der heima"
Gnr. 5 bnr. 1, Kvæven
Kvæven var einbølt frå då ein for fyrste gong
høyrde om garden i 1675 og fram til 1860. Ved skylddeling den 25.
juni dette året vart bruket "Der ude" utskilt. Det var i storleik lik
ein tredjedel av Kvæven eller 1 engelsk.
Det var Torjus Erikson Kvæven I som delte garden på den måten
at den yngste sonen Lars fekk bruket "Der ude", mens den eldste sonen Erik
fekk det gamle hovedbølet som også vart på 1 engelsk.
Sjølv heldt han tilbake ein tredjedel som han seinare overdrog til
sonen Erik på bruker "Der heima". På denne måten vart bruka
på Kvæven ulike av storleik.
Torjus Kvæven II på "Der heima" delte i 1923 garden mellom
sønene Ola og Torvald. Det vart då 3 bruk på Kvæven
som er temmeleg like store. Dei 2 brødrene Ola og Torvald budde i
same hus, men i 1928 drog Ola til Amerika kor han sidan har budd.
Garden var opprinnelig einbølt med ei skyld av 3 engelsk eller 9 mark
smør. I 1860 blei bruket "Der ude" utskilt. Det fekk ei skyld av 3
mark smør, mens hovedbølet ble redusert til 2 mark
smør.
Ved matrikkelrevisjonen i 1889 ble skylda forandra til 88 øre og bruket
vart nr. 1. I 1865 kjøpte Erik Torjusson Kvæven ein del
stakkslåtter av Sinnes. Dei låg nord for Valevatnet. Desse fekk
bnr. 2 og ei skyld av 2 øre. Bruksnr. 2 er sidan slått saman
med bnr. 1 til eit bruksnummer.
Den fyrste oppsitjar som ein kjenner til på Kvæven er Johannes
Torkelson Sinnes, 44 år i 1701, 60 år i 1718.
Brukar i 1999 er Torjus Torvaldson Kvæven.
Bind I, side 200. |