"Der ude"
Gnr. 14 bnr. 3, Eigeland
Dette bruket oppstod i 1826. Den tidlegare eigar av lnr. 13, Halvard Madson
Eigeland II, hadde bestemt seg for deling, men døyde våren 1826
uten at dette var blitt gjort. På skifte etter han bestemte søskena
at dei 2 brødrene Mads Halvardson d.e. og Mads Halvardson d.y. skulle
ha halvparten av garden kvar.
Delingsforretning vart halde den 8. september 1826. Denne fortel blant anna
litt om husa på dette bruket. Det vart avgjort at "den østre
Stue og den østre Boe, begge Smaafjøsene og Kornløen"
skulle tilhøyre den delen som Mads den eldre fekk, mens Mads den yngre
skulle ha "den W(estre) Stue, den W. grinde Boe, det store Fjøs samt
Høiløen med Loven".
Det blei sonen Mads den eldre som flytta ut, mens Mads den yngre beholdt
det gamle hovedbølet. Avtalen var at Mads skulle flytta sine gamle
hus over på sitt området innan 2 år.
Begge bruka vart etter delinga på 9 mark kvar. I 1889 vart skylda på
bnr. 3 forandra til 1 mark og 31 øre.
Bind I, side 401. |