"Der heima"
Gnr. 14 bnr. 4, Eigeland

Dette er det opprinnelige hovedbølet på garden. Eigeland var einbølt gjennom mesteparten av 1600-talet. Fyrst etter 1683 vart garden delt i 2 like store bruk på 18 mark kvar. Etter den tid hadde "Der heima" løpenummer 14. "Der heima" var udelt fram til 1849. Då blei bruket delt i 2 like bruk som kvar blei på 9 mark. Det nye bruket fekk namnet "Bergjet", lnr. 14b med seinare bnr. 6.
I 1881 vart "Der heima" nok ein gong delt i 2 like store bruk. Det bruket som nå vart utskilt var "Tupte" som blei lnr. 14a2 eller seinare bnr. 5. Dei to bruka var i 1881 på 4½ mark kvar. Ved matrikkelrevisjonen i 1889 fekk "Der heima" ei skyld av 66 øre.
Den fyrste som ein kjenner på dette bruket frå den gong garden var einbølt er Knut Eigeland, nemnt 1606 - 1619.

Brukar i 1999 er Edvin Ola Edvardson Wetteland.

Bind I, side 392.