"Der nere"
Litt innanfor dei andre bruka på Handeland ligg "Bakken" . Der ligg
2 bruk, som heiter "Der oppe" og "Der nere". Det eldste av desse bruka er
"Der nere". Det hadde tidlegare lnr. 10 og ei skyld på 12 mark. I 1831
blei bruka delt, dermed oppstod "Der oppe": Begge bruka vart på 6 mark
kvar. Den fyrste kjente oppsitjaren her var Sigbjørn Sigmundson Handeland, nemnt i 1645 - 1673. Hans kone og barn er ukjente. Brukar i 1999 er Åge Aslakson Handeland Bind I, s. 347 |