Gnr. 9, bnr. 8, Sinnes  

Dette bruket oppstod omkring 1853. Det var til å begynne med på 6¾ mark smør, og det blei utskilt frå bnr. 1, "Bakken", ved at Jon Torjeison Sinnes bestemte seg for å selja halve garden til Tore Jørgenson Lyse. Skylddeling blei halden 09.09.1853, men skjøte ble fyrst skrive ut 05.04.1855. Kjøpesummen var 200 speciedaler.

Tore Jørgenson Lyse kom til Sinnes truleg i 1852 eller 1853. Han budde på Rauåstøl i 1851. Det var ikkje meir en knappe 10 år han budde på Sinnes, for omkring 1862 var han tilbake igjen på Rauåstøl.

Ved kjøpekontrakt av 5. mars 1863 selde han Sinnes til Jakob Svenskeson Sinnes i "Stølsro" og Per Olson frå "Kvednhusbakken".

Skyldelingen av dette bruket vart ikkje utført før den 14. juli 1876. Dei blei då einige om at Jakob Svenskeson skulle ha 3½ mark som han slo saman med sin gard. Per Olsen fikk 3¼ mark og husene på garden.

Bruket fekk etter skylddeling i 1853 løpenummer 3b, og i 1876 lnr. 3b2. Ved matrikkelrevisjonen 1889 fekk bruket, bnr. 8 og ei skyld av 40 øre.

Ved ny skylddeling den 31.10.1936 ble garden delt i to idet nybruket "Nygård" av skyld 20 øre vart fråskilt. I 1947 hadde garden ei skyld av 20 øre.

Brukar i 1999 er Olav Eilefson Sinnes.

Bind I, s. 266.