"Moen"
Bruk av garden Hetleskog. Gard nr. 14 i Forsand kommune
Tidlegare plass under Hetleskog i Isse skipreide.
Høgsfjord prestegjeld. Tidlegare i Høle (anneks-) sokn til Strand prestegjeld.

Plassa Indre og Ytre Moen, utt.: mo 'nen, ligg i bakkehallet under Hetleskog-garden ned mot dalbotnen der Songa-elva renn.

Den første som sette seg til der, var Jens Ivarson. Han hadde først vore gardbrukar på Hetleskog. Men så bytte han bruk med Knut Gunnarson som hadde part i Lyse-garden. Om lag 1775 flytta han attende til Hetleskog, og då denne garden ikkje var ledig nett då, gav han seg til å rydja opp eit nytt plass nedanfor garden - på "Indre Moen".

Jens Ivarson fekk bygslebrev på det nye plasset i 1795, samstundes som Ola Rasmusson fekk bygslebrev på endå eit nytt plass - "Ytre Moen".

Bruka på Moen vart sjølveigande bruk i 1862 og 1887.

F. bind I, s. 439