"Nygård"
Gnr. 9, bnr. 23, Sinnes

Ved skylddeling den 31.10.1936 delte Ola Person frå ein større del av garden til bureisningsbruk for sonen Torgeir. Dette bruket blei heitande "Nygård" og ligg lenger innover på Sinnes. Bruket fikk ei skyld av 20 øre.

Uthus vart bygd i 1938 og våningshus i 1939. Ny driftsbyggning blei oppført i 1974. Garden hadde i 1977 ein besetning på 8 mjølkekyr samt 8 ungdyr. Videre 36 sauer og 30 slaktegrisar samt 4 sugger. Garden har ca. 60 mål dyrka mark.

Brukar i 1997 er Odd Inge Torgeirson Sinnes.

Bind I, s. 267.