"Under Lia"
Gnr. 10, bnr. 5, Tjørhom

Dette var opprinneleg ein husmannsplass under indre Tjørhom, og det er den eine av dei to som har eksistert på Tjørhom. Når plassen fyrste gong vart busett er det ikkje mogeleg å seia. Det er nevnt ein husmann på Tjørhom så tidleg som i 1664. Han heitte Salve Knutson og var 50 år gamal. Han er bare nevnt denne gongen, og det er tvilsamt om han budde her oppe, for på det tidspunktet låg garden nede på slettene.

Derimot taler fleire ting for at det budde folk her på 1700-talet, men plassen var i periodar ubebudd. Det var ikkje uvanleg ved slike plassar. Ved folketeljinga av 1801 budde det såleis ingen her. Plassen vart tidleg sjølveigar-bruk, men nøyaktig når tid dette skjedde veit me ikkje. Halvard Olson Fidjeland som budde her nokre år var iallfall eigar av plassen så tidleg som 1837. Skylddelt vart den fyrst den 05.05.1843. Det vart då teke ein halvdel frå kvart av bruka, "Der oppe" og "Der nere" på indre Tjørhom. I 1889 fekk plassen bnr. 5 og ei skyld av 31 øre.

At garden er større enn ein vanleg plass fortel storleiken på skylda, og likeså viser husdyrteljinga i 1865 at dei fødde 3 kyr, 8 sauer og 7 geiter her. Og attpåtil hadde ein utsæd på 3/8 tønne bygg og sette 3 tønner poteter. Dette er mykje meir enn på ein vanleg plass.

Brukar i 1999 er Arne Torson Tjørhom.

Bind I, s. 318.